20120918

kjem inn døra klokka 20:47 og set meg rett ned på golvet bak den. bekymra for søvnen min. og meg.
eg har så mykje eg må gjere. så mange folk eg må møte, så mange ting å bli inspirert av, så mange ting å lage. men no sit eg altså her på golvet. tenker på kjærleik og avstand og at eg antakelegvis må rydde vekk alle kleda på golvet.
ingen lykkes med å ver sin egen lykkes smed.

20120415

i dag er sundagskjensla betrakteleg tyngre. trykkjer oss ned med vekta av tomheit.


det finst inga oppskrift på korleis ein skal få livet til å gå vidare. men det må det. det skal det. og det vert vanskeleg. heilt forjævleg vanskeleg.

om ein berre kunne stoppe tida og rekke å puste